SVARTEVJA
Foto: Ingvill Skeie Ljones
Kvartetten SVARTEVJA spesialiserer seg på folkemusikk frå området i nordenda av Mjøsa; Lillehammer, Gausdal, Biri og Øyer. Arven etter Jonas Elg, Tronn Tråver, Tårnpetter og ho kjerringa frå Biri som ingen skreiv ned materialet etter. Og mange fleir!
I dette området levde dei fattige husmannsfolka og dei geistelige finfolka side om side. Flygel og fioliner spelte til dans i samme lokalet som lysekrona smalt i eit viltert hallingkast. Mellom mote, eleganse, filler og smalhans florerte musikk og dans.
Mari Skeie Ljones - feler, song
Camilla Granlien - song, kontrabass
Johannes Selvaag - feler, song
Nina Fjeldet - feler, song