Foto: Tone Ingvaldsen

Ômvesla

Ein forteljarkonsert om å satse, om å reise og om å bli.

Nina Fjeldet er ei kvinne i sin beste alder. Saman med fela reiser ho gjennom livet og møter folk og historier langs vegen. I forteljarkonserten «Ômvesla» tek ho publikum med på ei reise frå Gudbrandsdalen til Indre Troms, via Palmehaven i Trondheim, konsentrasjonsleiren Auschwitz og langs landevegen med romanifolket. På vegen møtes fridom og forfølgelse,  framskritt og fattigdom, felespel og forteljarglede. Og som ein raud tråd står folket midt i verda og gjer så godt dei kan. 

Nina, opprinneleg frå Gausdal, har levd eit liv nært på folkemusikken og folkedansen, dei siste 12 åra med base i Målselv i Indre Troms. Ho formidler gjerne til barn og unge, elskar å spele til dans, og meiner musikk og dans er eit premiss for ei rikare og fredelegare verd. Ômvesla er hennar fyrste soloframsyning.

Tekst og musikk: Nina Fjeldet
Tekstleg rettleiing: Liv Gulbrandsen
Regi: Silje O. Hålien
Produsert av Riksscenen, støtta av Norsk Kulturråd.

Foto: Tone Ingvaldsen

Foto: Odd-Inge Larsen