SHUFFLE SERENADE
Når du vakner og den fyrste tanken er ein melodi. Når den elektriske tannbørsten er stemt i E og oppvaskmaskina går i hallingtakt. Når PMSen svartnar i ein atonal synkope og livet rykker i udelt takt. Når prokrastinasjonen verker og den same melodien som du vakna til tidlegare byr opp til dans.
«Går du alltid i shuffle, eller»? sa ei irritert venninne ein gong, etter litt for mange dagar i same hus. Ufiltrert hadde songane fått frislepp frå tankane og ut i omverda, ispedd eit og anna rytmisk utslag og motorisk krumspring. Kvar kjem dei ifrå desse melodiske digresjonane? Har ikkje alle det på denne måten?
Av og med Nina Fjeldet og Signe Dortea Krohn Gjessing.
Regi: Sigrid Alnæs
Produsert av Riksscenen
Støtta av Fond for Utøvende Kunstnere
Foto: Johannes Selvaag